Norwegian: «Den» som peikande pronomen i nynorsken

sluttnotar

New Member
Spanish
Heisann godtfolk,

Me veit jo alle at «han» og «ho» vert nytta som peikande pronomen i nynorsken. Likevel ser eg ofte at «den» vert nytta slik, og eg har ikkje greitt å skjøna korfor. Kan henda skjer det oftast i skjønnlitteratur, men eg ser det òg i andre slags skrift.

Her kjem eit døme frå For det frie ordet av Ingeborg Solbrekken, Syn og Segn 2.2018: «Det essensielle for nazistane var den krigsviktige industrien, det var den krigens utvikling stod og fall med.» (Forfattarens emfase. [Finst det ein betre måte å seia det?]) Eg skulle ynskja at eg hadde fleire døme, men di verre har eg nettopp byrja skriva ned døme for å få svara på det.

Eg har tenkt på fleire mogelege grunnar til dette fenomenet. Sjølvsagt kan ikkje alle gjelda på ein gong.
  • For å unngå forvirring når ein person ogso er nemnd.
    • Det kunne eg kjenna sympati for, men burde ein heller forma om setninga(ne)?
  • Skrivestilen åt forfattaren.
    • Når det skjer i skjønnliteratur, kan eg ikkje klaga. Slik er det berre.
  • Ikkje alle vil fylgja rettskrivinga.
    • Fy skam på deg!
  • Innverknad frå bokmålet.
    • Fy skam på deg!
  • Innverknad frå dialekta åt forfattaren.
    • Medan det er lov til å nytta dialektord på nynorsk, er det alltid noko anna som er meint med dette løyvet.
  • Når tingen som vert peika på ikkje er éin spesifikk ting.
    • Til dømes: «Denne typen stol er vanleg i området. Den er skapa av eik.» Eg beklagar veldig det kunstige eksempelet mitt, men forhåpentlegvis gjev det meining. Kunne ikkje «han» nyttast i staden for «den»?
  • Latskap.
    • Eg trur ikkje det, men det må nemnast.
På førehand takk.
 
  • raumar

    Senior Member
    Norwegian
    Hei!

    Som bokmålsbruker har jeg ikke tenkt over dette før - men Språkrådet har svar:
    Den i nynorsk (for han/ho)

    Ut fra det Språkrådet skriver, er det riktig å bruke "den" i sitatet fra Solbrekken, siden dette er et trykksterkt "den".

    Forfattarens emfase. [Finst det ein betre måte å seia det?]

    Ja - "Forfattarens utheving". Jeg har aldri sett eller hørt ordet "emfase" før, men kan gjette meg til betydningen ut fra engelsk "emphasis".
     

    Svenke

    Senior Member
    Norwegian
    Hei, sluttnotar

    Ein må skilje mellom personlege pronomen og peikande pronomen (= demonstrativ).
    Det kan hjelpe å samanlikne med engelsk, sjølv om ikkje alt stemmer 100 %. På engelsk er dei personlege pronomena he, she, it, they, mens dei peikande er that, those.

    Personlege pronomen om ting (og abstrakta):
    "Eg leitar etter koppen min, veit du kor han er?" (Bokmål: den. Engelsk: it)
    "Eg las boka om att og om att til ho fall frå kvarandre." (Bokmål: den. Engelsk: it.)
    Her vert det rekna som feil å skrive den, men mange gjer det likevel.

    Personlege pronomen om personar:
    "Eg leitar etter mannen min, veit du kor han er?"
    "Eg sa til jenta at ho måtte vere varsam."

    Demonstrativ om ting (og abstrakta):
    "Veit du kor koppen min er? Nei, den har eg ikkje sett." (Bokmål: den. Engelsk: that.)
    "Var det denne boka du meinte eller den på bordet?" (Bokmål: den. Engelsk: that.)
    Her er det definitivt feil å skrive han og ho.

    Demonstrativ om personar:
    "Veit du kor mannen min er? Nei, han har eg ikkje sett."
    "Var det denne jenta du snakka med? Nei, ho har eg aldri sett før."

    Svenke
     

    sluttnotar

    New Member
    Spanish
    Takk for svara! Gåta har vorte løyst!

    Tydelegvis bør eg lesa vidare på Språkrådets heimeside. Dessutan hastar det med å kjøpa Norsk referansegrammatikk. Faktisk høyrest det ut som ei skikkeleg jolegåve til meg sjølv.
     
    Top